Her vert ny nettside for Eksingedalen utvikla. For å sjå noverande gjeldande side, gå til http://www.eksingedalen.no

Aktivt arbeidsstyre heldt fram i Bygdarådet

Skrevet av superadmin ons 12.04.2017 - 18:38

Torsdag 6.april la Bygdarådet som vanleg fram ei fyldig årsmelding for årsmøtelyden. Dette året kunne ein feira at to viktige saker er i mål: Telenor leverer 4G-signal i heile Eksingedalen - og 24.mars fekk også heile dalen DABsignal.
At Bygdarådet har vore viktige pådrivarar er heilt sikkert!

Frøydis Gullbrå heldt fram som leiar av Bygrarådet. Jon Trefall og Laila Bolstad Eikefet heldt fram i styret - og med seg får dei Ole Jakob Nese som ny styremedlem.

Blid gjeng ved oppvaskbenken etter årsmøtet: Frøydis, Jon og Laila.

Prioriterte saker kommande året vert å følgja opp vegstandard og meir rekkverk, eldreomsorg, fornying av heimesida, "flyvingen" med Kvitanosutstillinga til Eksingedalen, fiber til husa m.m. Fleire arbeidsgrupper vart sett ned, m.a ei fiber-gruppe.

Bygdarådet er også engasjert i arrangementet Tour des Fjords i mai, saman med Eksingedalen IL. Laila tok initiativ til å starta opp kreftkafe, og vil gjerne ha folk med seg til dette. Ta kontakt med Laila om du er interessert i det.

Ei sak som engasjerte møtelyden til slutt var den kommande konsesjonsfornyinga i høve vassdraget. Dette vert sett på som ei svært viktig sak for bygda. Styret skal kontakta grunneigarlaga om dette.

Heile årsmeldinga er å finna under "fana" Bygdarådet her på Eksingedalen.no.